Forfattarar frå Fitjar

Oskar Stein Bjørlykke (1939)

Oskar Stein Bjørlykke er fødd 1939 og er frå Fitjar. Han har teologisk embetseksamen, og har såleis undervist i kristendom i mange år. Under arbeidet med Bibelen 2011 vart han trekt inn som litterær konsulent.
Bjørlykke er ikkje av dei forfattarane som har vekt mest merksemd i media, men er kjend som ein kresen stilist og har fått fleire litterære prisar, m.a. Kulturdepartementets spesialpris for barne- og ungdomslitteratur i 1999 for «Hendene i veret» (1998). Forfattarskapen hans er rikhaldig, han har skrive meir enn 40 bøker i mange ulike sjangrar – romanar, noveller, dikt, forteljingar, barnebøker, bønnebøker, andaktssamlingar og musikkspel. Sentrale tema i diktinga hans er tidlause spørsmål og forholdet til Gud og historia, formidla i eit varsamt og gjerne lyrisk språk.
Debuten kom i 1966 med diktsamlinga «Deg høyrer dagen til». I tillegg til lyrikk har han elles skrive ei rekkja romanar for vaksne. Nokre av dei har sjølvbiografiske trekk, eller med detaljerte tidsbilete med lett gjenkjennelege miljø, som i «Presta-Svein» (1989), «Agape» (1992) og «Sally» (1994). Ei populær bok hos mange har vore skildringa hans av oppvekst på Stord, i romanen «Den tid den sorg» (1996). Den nyaste boka hans er romanen «Vår tid», som kom ut i 2012.
Oskar Stein Bjørlykke har også skrive lyrikk og noveller for born, som har skaffa han stor anerkjenning.  Skrivemåten er modernistisk, forma som kortdikt, gjerne med utgangspunkt i kvardagslege situasjonar. Den første var «Hallo mamma!» (1980), så kom «Det dirrar slik» (1989) og «Ute – inne, ute – inne» (1995). For barnebøkene sine fekk han Falturiltu-prisen i 2007. Som teolog har Bjørlykke naturleg nok også skrive religiøse tekstar, både for born og vaksne. Han har òg omsett bibelhistorier for born.

 

Arild Stubhaug (1948)

 Arild Stubhaug ein sjeldan kombinasjon av lyrikar, matematikar, ein framifrå formidlar av avansert vitskap og forfattar av biografiar om matematikarar. Han er fødd 1948 i Naustdal i Sunnfjord, men vaks opp på Fitjar. Fagkrinsen hans omfattar matematikk, litteraturvitskap og religionshistorie. I 1970 debuterte han med diktsamlinga «Utkantane». Seinare har det kome ei rekkje diktsamlingar frå hans hand.
Stubhaug har òg skrive prisløna biografiar om matematikarar, m.a. om  Niels Henrik Abel i «Eit foranskutt lyn» (1996) og (2004) som han fekk Brageprisen for i 1996, der han også maktar å levandegjera og forklara vanskelege matematiske problem for lesaren. På same vis har han formidla kunnskap om sentrale og viktige vitskapsfolk og embetsmenn.
Han var leiar for Den norske Forfatterforenings litterære råd (1995–98), nestleiar i styret i foreininga (2008–10) og nestleiar i Stiftelsen Litteraturhuset (2007–09). Ei rekkje prisar er blitt forfattarskapen hans til del, m.a. Norsk språkråds språkpris (2001), utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo (2002), Det Norske Akademis Pris (2008) og Doblougprisen (2010). Bøkene hans er omsette til fleire språk.

 

(Tekst: Knut Rage)