Forfattarar frå Etne

Ingvar Moe (1936-1993)

Ingvar Moe vaks opp i Etnesjøen, som han har skildra i den sjølvbiografiske oppvekstromanen «Rundt Sjøen» (1986). Frå debuten med den nokså nærgåande diktsamlinga «Løktastolpefrø» i 1975, som skaffa han Tarjei Vesaas» debutantpris, skulle han koma til å utvikla seg til ein mangfaldig forfattar, kåsør og moromann. Ikkje minst var han ein høgt skatta morgonkåsør i NRK radio.

Allereie frå dei første diktsamlingane vann Ingvar Moe seg ein sentral plass i norsk samtidslitteratur. Frå hans penn  kom det fleire kritikarrosa diktsamlingar og særleg barne- og ungdombøker, i tillegg til nokre romanar og ein del andre skrifter, m.a. skodespel og som tekstforfattar til Smørbukk-heftet jula 1984. Av barnebøker kan særleg nemnast bøkene om hunden Garm – «Dei må ikkje skyta Garm» (1979) og «Garm blir borte» (1980) – og dei elleville forteljingane om oldemor, i bøkene «Heia oldemor!» (1984), «Oldemor rock!» (1985), «Oldemor og skurken» (1989) og «Oldemor gifter seg» (1993). Det kom også fleire fine samlingar med både noveller og kåseri, som «Sommaren te Ingjeberr» (1976) og «Nå skine det øve! : stubbar og folkalivsskildringar ifrå bygdamiljø» (1988).
Dei første bøkene var skrivne på dialekt, og Ingar Moe skulle koma til å halda på nærleiken til det folkelege, samstundes som han tok krasse oppgjer med eit trangsynt bygdemiljø. Det vert også sagt at diktinga hans stod nær den tradisjonelle folkediktinga.
Ingvar Moe var busett på Nøtterøy, der han arbeidde som lærar. Då han døydde vart ein merkbar stemme borte frå radioen og mang ein talarstol, og ikkje minst i litteraturen.

 

Olav Vik (1910 – 1990)

Olav Vik  gav ut nokre få diktsamlingar på mindre forlag i si levetid, men har i seinare tid vore trekt fram som ei litterær røyst som har hatt stor tyding for folket i Etne. Olav Vik arbeidde som skogreinsingsleiar i kommunen. I  1941 debuterte han med diktsamlinga «Hjartemål». Sju år seinare kom samlinga «Tuva og tårnet». Frå 1975 og fram til han døydde kom det ut fleire samlingar, og i 1993 boka «Kor sælt» ved Johannes Hellene. Biblioteket i Etne forvaltar i dag den litterære arven etter Olav Vik. Det er også danna ei eiga Olav Vik-stifting.
Sjå meir på nettsida til Olav Vik Stiftelsen.

 

(Tekst: Knut Rage)