Forfattarar frå Bømlo

Solfrid Sivertsen og Bjørn Sortland er Bømlo sine mest kjende forfattarar.

Solfrid Sivertsen (1947)
Solfrid Sivertsen er fødd 1947 på Moster. Sidan debuten med novellesamlinga «Porselensfiguren» i 1986 har ho gjeve ut ei rekkje barnebøker, romanar, noveller og dikt. I 1995 fekk ho Nynorsk litteraturpris for romanen «Grøn koffert» (1994), og i 2009 vart ho vinnar av Margbok sin romankonkurranse med «Før klokka fire».
Solfrid Sivertsen har fått anerkjenning for å skriva innsiktsfullt om djupet bak kvardagen utan å ty til klisjear. Solfrid Sivertsen har tidlegare arbeidd ved bibliotekfilialen på Moster. Ho har to born og er gift med kunstnaren Mike McGurk.

 

Bjørn Sortland (1968)

foto: bjornsortland.no

Bjørn Sortland er fødd i Bergen 1968 og oppvaksen på Sortland på Bømlo, og er utdanna sosionom. Han har også gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Etter debuten i 1992 har han for det meste skrive bøker for born og ungdom. Særleg serien «Kunstdetektivene» som til no har passert meir enn ti bøker har vorte populære blant mange unge. Men også ei rekkje andre bøker har slått godt an. For forfattarskapen har Bjørn Sortland fått ei rekkje prisar, og det er då heller ikkje til å undrast over at bøkene hans er omsett til fleire framande språk.
Kjærleik, humor og religion er viktige ingrediensar i Bjørn Sortland sine bøker, som t.d. «Love Light» som han fekk litteraturprisen i Kultur- og kirkedepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur for i 1996.

 

Andre forfattarar

Bømlo byr også på mykje annan spennande litteratur. Kristine Sortland (f. 1923 i Risør) har gjeve ut to diktsamlingar på eige forlag. Elles er det gjerne dokumentarsjangeren som har dominert det litterære biletet på Bømlo. Sjølv om han er fødd i Lyngdal, har Kristian Bredesen (f. 1923) budd store delar av sitt vaksne liv på Bømlo. Han har skrive både skjønnlitteratur og dokumentarbøker, gjerne med emne frå tatermiljøet. Solveig J. Håvik Grønstøl (f. 1978) har gjeve ut ei lita bok som inneheld småstubbar av livsrefleksjonar og dikt.  Brynjar Stautland (f. 1962) har gjeve ut fleire dokumentarbøker, med emne frå gullgravingsverksemda på Bømlo, frå sjølivet og krigen. Det har også Birger Røksund (1910-2001) gjort, men med meir lokalt minnestoff, gjerne av den typen ein kan kalla folkelivsskildringar. Røksund skreiv også lyrikk. Endeleg må nemnast Kristine Sele (f. 1946) som har også konsentrert seg om dokumentarsjangeren, med lokalhistoriske bøker og dokumentarskildringar.

 

(Tekst: Knut Rage)