Forfattarar frå Austevoll

Austevoll har kanskje ikkje dei store forfattarnamna å by på, men nokre lokale skribentar og diktarar fortener å bli nemnd.

Johan Tufteland (1913-1998)
Den mest sentrale av desse er Johan Tufteland, fødd 1913 på Gåsnes, Stolmen i Austevoll, som har skrive gards- og ættesoga for Austevoll. Men han gav også ut skjønnlitteratur, både diktsamlingar og romanar som kom ut på Det Norske Samlaget. Tufteland gjendikta også delar av Emily Dickinson sin lyrikk, dessutan salmar av Nikolai Grundtvig og andre salmediktarar. Fleire av salmane er teke med i Norsk Salmebok frå 1985. Det er gjerne havet og livet nær brenningane som er den primære motivkrinsen i diktinga hans. Men kvardagen er langtfrå vonlaus – det blir ofte slått ein stjernesådd himmel over kystfolket sitt strenge tilvere. Forma er kort, stilen er knapp og fri og påverka av Olav H. Hauge, som han møtte og førte ei omfattande brevveksling med om dikting og diktararar. Tufteland hadde også i ei årrekkje eit hyppig brevbyte med Einar Økland om litterære emne, og i boka «Dikt og prosa i utval» (red. Idar Stegane og Reidar Storaas) som kom ut i 2013 til markeringa av hundreårsdagen for Tufteland sin fødsel, teiknar Økland eit varmt portrett av venen frå Austevoll. Det er også laga ei musikalsk dramatisering sett saman av Tufteland sine dikt og hans historiske framstilling av brugdefangsten frå 1770-1850, med musikk av  sonen Jan Tufteland. Johan Tufteland døydde i 1998.

 

Andre forfattarar

Hallvard Bertin Alfredsen Birkeland (1926-2003) publiserte ei lita diktsamling 1997, og frå Jacob Karin Aga  (f. 1938) har det kome sjølvpubliserte dikt. Nemnast må også Elias Eliassen Fondenes (f. 1927) som har skrive humoristiske småstubbar.

 

(Tekst: Knut Rage)