Om Sunnhordland

Sunnhordland er eit distrikt i den sørvestlege delen av Hordaland fylke, som i dag omfattar dei åtte kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Sunnhordland har 63 680 innbyggjarar (1. januar 2014) og eit samla areal på 2 860 km². Regionsenteret er byen Stord.
Dei åtte kommunane i Sunnhordland samarbeider for å gje innbyggjarane best mogleg bibliotektilbod.