Fraktefarten i Moster

Kristine Sele samtalar om temaet Fraktefarten i Moster. Ho har med seg Trygve Einar Gjerde, Marit Ingvaldsen, Hans Martin Torkelsen og Torbjørn Torkelsen som med ulike perspektiv kjem til å fortelje om denne travle, spanande tida på Moster! Torbjørn Torkelsen vil og ha ein presentasjon av Aasen shipping og gje oss eit innblikk i korleis dei ser framover.
Dette blir ei triveleg stund med mimring over den nære historia vår.
Den gode drøsen kan halde fram i Amfikafeen som er open!
Velkommen!

Pris: 100,-
Billettar kan kjøpast i Amfikafeen.