Sjølvbetjening

På nettet kan du fornya lån, søka etter lesestoff, få lesetips og reservera bøker, lydbøker og filmar, med meir. Bøker som er lånte frå andre bibliotek må du kontakta biblioteket ditt for å få hjelp til å fornya.

Bibliofil-appen
bibliofil app

 

Last ned Bibliofil-appen og få full oversikt over låna dine på mobilen.

Mappa mi og kikkhullet

MappaMi

Mappa mi gjev deg oversikt over eigne lån og reserveringar. I Mine lån kan du logga inn med lånenummeret ditt (sjå lånekortet) og passord. Dei tre fyrste gongene kan du nytte fødselsdatoen som passord (PIN-kode). Du kan også få passord ved å senda ein epost til biblioteket@fitjar.kommune.no

Du får oversikt over låna og reserveringane dine med menyvalget «Lån». Her kan du fornya lån og sletta reserveringar.

Først får du fram lån og reserveringar i ditt heimebibliotek, deretter lån og reserveringar ved andre bibliotek du brukar.

kikkhulletlogo

 

Via «Kikkhullet» kan du sjå data frå biblioteket sin statistikk slik som mest utlånte, sist utlånt for barn og vaksne m.m.

 

 

Søk i biblioteket sin base

Via lenkja «Søk i biblioteket sin base» kan ein søkja etter bøker, musikk mm. eller få spanande tips til nye, spanande titlar.