Lån e-bøker
Om du har lånekort hjå oss, kan du låne e-bøker til smarttelefonen eller nettbrettet ditt.
Biblioteka i Hordaland har lånt ut e-bøker sidan 2014. Frå 2018 kan vi også by på nokon digitale lydbøker.
Du må nytte appen BookBites for å låne digitale bøker til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.
Korleis låne e-bøker?
Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Ny pinkode kan du bestille her, om du treng det.
Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!
1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les
Treng du hjelp?
Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites.
Dersom noko går gale, kan du kontakte biblioteket ditt for å få hjelp.
Om BookBites
Du kan lese meir om BookBites i artikkelen vår om byte av utlånsløysing for e-bøker.
Bokhylla.no
Du kan også finne ebøker i samlinga til Nasjonalbiblioteket.