Digitale aviser- PressReader

I Pressreader får du tilgang til 5000 aviser og tidskrifter på 60 språk. Kom til biblioteket, last ned og les. Avisene kan lesast på PC-ane våre, på eige nettbrett eller smarttelefon, med appen PressReader. Avisene må lastast ned medan du er på biblioteket. Etterpå kan du lese dei heime eller andre stader. Tilgangen varar i 72 timar.

pressreader

PressRreader er eit kanadisk selskap som tilbyr digital tilgang til dagferske aviser og tidsskrift på meir enn 60 ulike språk.

Eit mål i regional kulturplan Premiss: Kultur 2015-2025, er at biblioteka i Hordaland skal gje innbyggjarane lik tilgang til aktuelle og relevante digitale ressursar, utstyr og hjelp til å nytta dei. Det er og eit mål i prosjektet: Sterk, spenstig og klar. Både e-boksatsinga og tilgang til PressReader bidreg til å oppfylle dette målet. Ved å inngå ei fylkesdekkande avtale har vi fått ein rabatt som gjer det mogleg for alle biblioteka å tilby den nye avistenesta.

Folkebiblioteket er ein integreringsarena i dei fleste kommunar, og det er no mogleg å tilby nye og gamle innbyggjarar nærare 5000 aktuelle aviser og tidsskrift på meir enn 60 ulike språk. Det finst òg omlag 80 norskspråklege publikasjonar i tenesta.