Tilbod

Alle er velkomne i biblioteket. Du kan lesa bøker, aviser, tidsskrift, bruka PC, arbeida med studie og lekser – eller rett og slett slå av ein hyggeleg prat med andre bibliotekgjester. Barna dine kan kose seg i barneavdelinga med spel, puslespel eller teikning. Dersom du vil låna med deg noko heim, eller lasta ned e-bøker, til dømes heimefrå, må du ha lånekort.

Aviser, pc og nett:

Aviskroken er ein populær møtestad der ein kan lese ferske aviser og magasin frå inn- og utland. Alle magasin som ikkje er siste utgåve kan ein låna med seg heim. Til bruk i biblioteket har me publikums-PC-ar og kopimaskin. Me har òg lese-og grupperom, og gratis trådlaust nett om du vil bruka eigen pc i biblioteket.

Lesestunder:

Annankvar onsdag har vi lesestund i biblioteket. Vi kosar oss med gode bøker i lag med ungane. Lesestunda byrjar klokka 11.00 og 11.30, og passar for ungar 3-7 år.

Klassebesøk:

Litteraturformidling og bibliotekorientering til skuleklassar etter avtale med skule eller lærar. Ta kontakt med biblioteksjef Astrid Drevland for informasjon og avtale. Tlf: 53423242

Lesesirkel:

Ein gang i månaden har vi lesesirkel i biblioteket. Bibliotekaren plukker ut ei bok som alle les. Vi møtes og diskuterar boka etterpå. Vi har mange gode diskusjonar om bøkene vi les, serskilt når vi er litt uenige. Alle er velkomne til å vere med i lesesirkelen. Ta kontakt med oss om du er interessert.

Leseombud:

Er du glad i å lese for andre? Biblioteket har eit samarbeid med fleire leseombud i kommunen, leseombuda les for ulike grupper som av ulike grunnar ikkje kan lesa sjølve.