Lånekort

Velkommen som lånar hjå Bømlo folkebibliotek

Her er litt om kva pliktar og rettar du har som lånar.

1. Lånerett
Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved Bømlo folkebibliotek.

2. Lånekort
Alle som har fylt sju år kan få lånekort. Yngre lånarar må få låna på dei føresette sitt lånekort, med desse sitt samtykkje. Biblioteket kan krevja legitimasjon når lånekortet vert skrive ut. Lånaren skal ha lånekortet med når han/ho skal låna bøker. Tap av lånekort, endring av namn eller adresse må meldast til biblioteket. Dersom lånaren mistar lånekortet sitt, kan han/ho få nytt lånekort mot å betala kr. 10,-.

3. Lånetid
Normal lånetid er 4 veker. Språkkurs kan lånast i 6 veker.
Det er høve til å fornya lånet:
Kontakt oss på 53 42 32 40, bibliotek@bomlo.kommune.no eller gjer det sjølv på Mappa mi eller bibliofil-appen.

4. Reservering
Lånaren kan få reservert dokument som er utlånt.

5. Lån frå andre bibliotek
Biblioteket prøver å låne inn bøker frå andre bibliotek dersom boka ikkje finst hjå oss.

6. Varsel/purringar
Biblioteket sender ut 3 varsel på dokument som ikkje er levert attende til rett tid. Det 3. varselet er rekning for tapt materiale.

1. purring 3 veker etter forfall Gebyr kr. 30,-
2. purring 5 veker etter forfall Gebyr kr. 60,-
3. purring 9 veker etter forfall Rekning

Rekninga vert sendt økonomiseksjonen i Bømlo kommune som tek ansvaret for innkrevjinga. Bøker det er venteliste på vert purra like etter forfall.

7. Skada eller tapt materiale
Lånaren er ansvarleg for dokumenta som er lånt på biblioteket og pliktar å betala vederlag dersom dokumenta vert skada eller tapt på anna vis.

8. Tap av lånerett
Lånaren mistar retten til å låna dersom han/ho mottek rekning og denne ikkje er betalt.

9. Utlånsreglement
Ved å motta lånekort pliktar lånaren å rette seg etter dei reglane som gjeld for bruk av biblioteket.

Utlånsreglementet gjeld for alle einingar av Bømlo folkebibliotek.