Bruk biblioteket

Velkommen til Bømlo folkebibliotek. Bømlo folkebibliotek består av eit hovudbibliotek og 3 filialar. Hovudbiblioteket ligg i Bømlo kulturhus og filialane er plasser på Våge skule, Hillestveit skule og Moster amfi.

Hovudbiblioteket i flotte nye og inspirerande lokaler i Bømlo kulturhus. Her kan du kose deg med å; treffe andre, studere, lese aviser eller låne bøker og anna materiale. Spør oss gjerne om tips til gode bøker og filmar. I aviskroken finn du dagferske aviser, ein populær samlingsstad for å lesa siste nytt. Ynskjer du å låna noko me ikkje har i biblioteket vårt, vil me prøva å skaffa det til deg hjå eit anna bibliotek.