
Filmar frå Høstutstillinga 2022
Bømlo kunstlag inviterer til visning. Fire av dei 14 filmverka fra Høstutstillingen 2022 vert i 2023 vist som eit turnerande filmprogram hjå utvalde kunstforeininger. Dette er eit ledd i Norske kunstforeninger sitt samarbeid med Høstutstillingen for å gjere programmet tilgjengeleg for fleire enn dei som kan sjå det i Oslo. Programmet vert vist på Bømlo folkebibliotek torsdag 27. april 18:00 – 20:00.
Kunstformidlaren til Høstutstillingen, Marius Bråten, held ein kort introduksjon. Etter visninga vert det samtale med kunstnaren Robert Carter om filmen Notes on dad. Samtalen vert på norsk og engelsk.
Arrangementet er ope for alle og gratis.
Bømlo kunstlag stiller med kaffi og noko attåt. Velkommen!