Ei kufte blir til – “Brytningstid”
Måndag 4. mars kl 16.00 vert det besøk på Bok og strikk. Me inviterer til samtale med Lillian Thorsen som har skapt og laga kufta «Brytingstid», i eit mønster som viser overgangen frå norrøn til kristen tid på Bømlo og Moster. Ho vil fortelje om bakgrunnen for kufta, om prosessen og val ho tok og fasinasjonen for ulike former for kunst og handverksuttrykk. Dette er både for dei strikke, historie og kunstinteresserte. Me ynskjer hjarteleg velkommen til Bok og strikk på Hillsetveit. Arrangementet er gratis.