Bjørn Sortland – Kunsthistoria fortalt på berre pittelitt over ein time
Fredag 20. oktober gler me oss til å ta imot Bjørn Sortland i Gaffel og Vaffel. Kunsthistorie står på programmet og dette seier Bjørn sjølv om kvelden:
“Eg har skrive fleire bøker om kunst, mellom anna ein roman der sentrale kunstnarar og verk frå vår vestlige kunst blir presentert saman i ein større heilskap. Denne kvelden viser og fortel eg om biletekunsten heilt tilbake frå tidlig renessanse i Italia og fram til i dag, og korleis kunsten har forandra måten vi har sett verda gjennom fleire århundre. Det blir fortalt og forklart om ismer og perioder. Eg presenterer sentrale kunstnarar – frå Giotto til Michelangelo, El Greco til Rembrandt, frå Munch til Chagall og Picasso og mange fleire. Eg vektlegg ikke ei tung akademisk framstilling, men mest ønskjer eg å gi nøkler til å sjå og forstå.”
Gaffel og Vaffel tilbyr ostefat til kr 170,-, biffsuppe til kr 149,- og alkoholfri drikke.
Kom for ein lærerik, spanande og særs kjekk kveld saman med oss.
Billettar kostar kr 100,- og kjøpast på: bomlokulturhus.no Velkommen!