Møterom – Bliarommet

Bømlo folkebibliotek kan tilby utlån av eit topp moderne møterom som er godt utrusta teknisk. Rommet heiter Bliarommet fordi du ser rett ut på Bliamonumentet i kulturhusparken. Det er plass til 18 stk.i rommet. Ta kontakt med biblioteket om du vil låne det.

Reglar for lån av Bliarommet.

  1. Ein person i gruppa er ansvarleg og må registrere seg med namn og nummer.
  2. Personen som er ansvarleg må også orientere seg kvar naudutgangane er i tilfelle brann.
  3. Ein tingar rommet for ei serskild tid, treng ein det lengre ta kontakt så ser vi om det er ledig.
  4. Lån av rommet er gratis, men vi tek 500,- i timen om det er større bedrifter som vi ha møter der.
  5. Treng du kaffe kan ein tinge i kulturhuskafeen, Gaffel & Vaffel, eventuelt avtale med biblioteket om å bruke kaffetraktar på huset.
  6. Alle ryddar etter seg og forlet rommet fint og ryddig.
  7. Nyt det flottaste møterommet i kommunen!