Lesesirkel for ungdom 13-19 år

Likar du å lesa, og snakka om det du har lest?

Første samling: Onsdag 12. mars kl. 15.15-16

Meld deg på seinast 20. februar, så er du sikra at me har bok til deg. Me les Such Charming Liars  (2024) av Karen McManus til første samling onsdag 12. mars.

McManus er ein dyktig ungdomsforfattar med mange gode krimbøker, mest kjend for serien One of us is lying. Boka me skal lesa er ikkje ein del av serien, og det er ikkje naudsynt å ha lese noko anna av Karen McManus. Les omtale av boka HER.

Me byrjar kl 15.15, og det vert litt mat for alle som treng påfyll etter skuledagen.

Påmelding: bibliotek@bomlo.kommune.no eller kom innom oss.