Digital kvardag for alle

Nye kurs frå 4. mars.

Digital kvardag for alle er åtte kurs med ulikt tema kvar gong. Her vil ein få hjelp til å forstå meir om bruk av ulike digitale tjenester. Ta med eigen data, nettbrett eller smarttelefon og bli med på ein lærerik og sosial stund med enkel servering. For påmelding, ring Frivillligsentralen på 53 42 14 14 eller gi beskjed til oss i biblioteket. Påmelding innan 21. februar 2025. Kursa vil vera i hovudbiblioteket tysdagar kl 13-15 og er gratis.

Datoar og tema:

  • 4. mars: Foto og lagring
  • 11. mars: Helse Norge
  • 18. mars: Finnås Kraftlag
  • 25. mars: Sparebanken Vest
  • 1. april: Bømlo kommune
  • 8. april: Kunstig intelligens. Kva er det og korleis bruke det.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og Bømlo folkebibliotek.