Den kloke kroppen – TIRSDAG 19. OKTOBER 2021 KL. 18:00–19:00

Aktuelt   

Irmelin Kloster Joys kjem på biblioteket for å fortelja om Rosenterapi.
Velkomen til et spanande føredrag frå den inspirerande litle boka «Den kloke kroppen» som kjem ut i desse dagar skrive av Irmelin Kloster Joys.

Irmelin har 16 års erfaring som Rosenterapeut. Ho vil denne kvelda dela sine erfaringar med deg om korleis stress kan setja seg i kroppen.
Bømlingen Trine A. Sortland vil også være der og lesa dikt frå bøkene ho har skrive: «Mi sorg» og «Livets øyeblikk».
Saman håpar me å gje deg ein unik kveld med ei lita meditasjonsstund knytt opp mot dei nydelege dikta frå Trine sine bøker.