Kriser og krim – Chris Tvedt og Ingebjørg Berg Holm i samtale med Truls Horvei

Aktuelt   

Forfattarane Chris Tvedt og Ingebjørg Berg Holm kjem til Bømlo. Torsdag 16.09.21 kl.18. Gratis inngang.

Sikre deg billett her: https://checkout.ebillett.no/121/events/36336/purchase/corona?kanal=kwb

Dei siste åra har det komme mykje litteratur som bygger på forfattaren sine eigne opplevingar, historier og liv. I verkelegheitslitteraturen vert personlege erfaringar og traume tilarbeidd, medan koronadikt reflekterer kvardagar som har vore lette å kjenne att for mange det siste året. Kva så med krimlitteraturen, korleis handsamar den element frå levde liv og erfaringar?

Korleis speglar krim røynda, og kva er sambandet mellom krimlitteratur og hendingar som påverkar oss som samfunn og individ? Er det tema som er «off limits» eller kan alt takast tak i? Får hendingar som koronapandemien og alt det den førte med seg betydning for forfattaren sine tankar om rammeforteljing, handlingsforløp og karakterbygging?

 

Til å diskutere koplinga kriser og krim møtast Ingebjørg Berg Holm og Chris Tvedt til samtale på Bømlo kulturhus den 16. sept kl. 18.00. Samtalen vert leia av Truls Horvei.

 

Ingebjørg Berg Holm er aktuell med den psykologiske thrillaren Rasende binne (2021) og har tidlegare gitt ut to romanar til strålande kritikkar. Berg Holm vant Maurits Hansen-prisen for sin kritikarroste debutroman, Stjerner over, mørke under(2015)

 

Chris Tvedt har gitt ut ei rekke bøker, både for ungdom og vaksne. I hans krimromanar er advokaten Mikael Brenne gjennomgangsfigur. I 2010 fikk Tvedt Rivertonprisen for Dødens sirkel. Chris Tvedt kjem med ny krim i oktober i år.

Arrangementene er et samarbeid med Bømlo folkebibliotek, Norsk forfattersentrum og støttes av Vestland Fylkeskommune.