Kulturhusbiblioteket opnar dørene

Aktuelt   

Torsdag 28.05.2020 kl. 15-18 opnar det nye kulturhusbiblioteket dørane for publikum. Kulturhusbiblioteket vil ha ope kvar dag mandag-laurdag 12-16.

 

 

 

På grunn av smittevern har vi reduserte opningstider no i starten. Biblioteket er ope mellom 12-16 kvar dag. Det er mogleg å tinge bøker og hente dei i foajeen utanom desse tidene, men skal du inn i biblioteket må du vere der mellom 12-16, mandag-laurdag.
Vi ber alle ta hensyn til desse smitteverntiltaka:
1. Ikkje opphald deg meir enn 15 minutt på biblioteket.
2. Er du sjuk eller har symptom på korona ikkje kom inn på kulturhuset eller biblioteket.
3. Ikkje ta på ting du ikkje skal ha.
4. Hald minst 1 meter avstand.
5. Bruk handsprit når du kjem inn og når du går igjen.
6. Skal du hoste, bruk armhola.
Velkommen, ugla er eit av dyra som har fått nye heim i kulturhusbiblioteket.