Hillestveit filial opnar igjen 14. mai!

Aktuelt   

Torsdag 14. mai opnar me opp igjen Hillestveit filial!

Torsdagar kl 13-15 kjem me framover til å vera tilstades på filialen på Hillestveit skule igjen. Me må sjølvsagt følgja myndigheitene sine retningsliner jamført smittevern. Bestill gjerne bøker på førehand, så har me dei klare i biblioteket.

Du kan tinga direkte hjå bibliotekaren på filialen, via appen Bibliofil, eller på Hillestveit filial sin Messenger.

Du får ei meldng når bøkene står klare. Ein pose (eller fleire!) med dine bestilte bøker vil stå klare og ferdig utlånt i biblioteklokalet med namnet ditt på. Hentetidspunkt er torsdag kl. 13-15. Då kan du også levera bøker inn.

Meirope bibliotek (ubetent) må framleis vera stengt grunna kontroll med smittevern.

Hugs:

Handsprit før du går inn i lokalet
Minimum 1 meter avstand.
Maks 5 personar i lokalet samstundes