Flytting av biblioteket til Bømlo kulturhus

Aktuelt   

I samband med flytting og klargjering av nytt bibliotek held hovudbiblioteket stengt i mars og april.
Nytt bibliotek opnar i byrjinga av mai, vi kjem attende med dato.

Ein kan framleis hente bøker og levere. Vi kjem til å ha ei hentehylle utanfor biblioteket der folk kan hente reserverte bøker og levere inn bøker. Send oss mail eller gå inn på bibliofilappen og bestill bøker så set vi dei ut til avhenting. Vi er tilgjengelege på telefon og epost i heile perioden.
Vi gledar oss til å opne eit nytt og flott hovedbibliotek i byrjinga av mai.