Er du vår nye litteraturformidlar?

Aktuelt   

Litteraturformidlar 45% fast - Bømlo folkebibliotek
Er du vår nye litteraturformidlar som vil skape liv og leselyst i barneavdelinga? Me har ledig ein fast deltidsstilling på 45%. Det inngår kveldsvakter og laurdagsvakter i stillinga.

I det nye kulturhusbiblioteket skal barneavdelinga være eit inspirasjonsrom med stort fokus på å gjere litteraturen levande og attraktiv for barn i kommunen. Me treng ein engasjert litteraturformidlar som også vil arbeide aktivt for å vidareutvikle skulebiblioteket på Hillestveit, og være innstilt på samarbeid med elevar, lærar og leiing. 

Oppgåver:

  • Programmering av arrangement for born
  • Litteraturformidling og publikumsbetjening
  • Innkjøp og pleie av barneboksamlinga
  • Leseinspirator på Hillestveit skule

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i bibliotek- og informasjonsfag eller anna relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå skule- eller folkebibliotek

Vi søkjer deg som:

  • har evner og lyst til å drive med aktiv litteraturformidling
  • er engasjert, initiativrik og jobbar godt i lag med andre
  • likar å dele kompetanse og har eit stort hjarte for born og unge
  • er ein god relasjonsbyggar og likar å jobbe på tvers av fagområder
  • har god teknologiforståing og teft for sosiale media
  • er systematisk og ryddig

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit aktivt og framtidsretta bibliotek
  • Spennande mogleikar for utvikling og påverknad i arbeidet med å flytte og integrere biblioteket i kulturhuset.
  • Ein travel og kjekk arbeidsplass i eit triveleg arbeidsmiljø.

Søk elektronisk her innan 3. juni