Bra for deg og bra for miljøet

Bra for deg og bra for miljøet

Aktuelt   

Har du tenkt på at ei miljøvenleg jul også kan gi mindre julestress for deg?

Tid med kvarandre

Å gi vekk opplevingar og tid med kvarandre er kan hende det beste og mest miljøvenlege gåvetipset du kan få før jul. Kanskje du kan kjøpe gåvekort til kino, konsert, teater, eller til ein symjehall, klatrevegg eller bowlingbane til nokon? Kan hende kan de gjere noko saman? Å gå på tur er noko svært mange set pris på. Visste du at overnatting på turisthyttene til Den Norske Turistforening har halv pris for unge opp til 26 år? Kanskje medlemsskap her er ei aktuell gåve til deg sjølv og andre?

Opplevingar treng slett ikkje koste noko særleg heller. Du kan lage ein fin invitasjon til å gå ein tur saman, med forslag til tid og stad. Tenk så koseleg å få og gi!

Mindre forbruk og mindre stress

Ei undersøking frå Ipsos viser at kvar nordmann i snitt planlegg å bruke. 12.288 kr på julefeiringa i år – ein auke på 10 prosent frå det vi planla å bruke i jula i fjor. Mange brukar meir enn dei eigentleg har råd til.

Samstundes er det trendy både å handle brukte julegåver og tenke kreativt om kva vi kan gi kvarandre. Omtanke og givarglede har ingen prislapp, heldigvis.

Fleire arrangerer juleverkstader der ein kan lage sine eigne julegåver. Naturvernforbundet arrangerer til dømes “naturlege verkstader” der ein kan lage spiselege gåver, kosmetikk og nyttige ting, som bærenett og anna av gjenbruksmateriell. Mange folkebibliotek arrangerer også gratis verkstader, gjerne for barn – der dei kan lage julepynt og anna.

Biblioteka «bugner» også av inspirerande hobbybøker der ein kan få tips til å lage gåver sjølv. Med eit søk på “heimelaga gåver” eller “spiselege gåver” kjem det også opp mange tips. Det treng ikkje vere så avansert å få til. Kan hende kan du invitere vener til å vere med, og de kan lage ei triveleg førjulsstund ut av det?

Nedgang i farlege utslepp

I tillegg til at kjøpepress er uheldig for oss sjølv, gir auka forbruk meir avfall. Frå 1995 har mengda avfall i Norge stige med 56 prosent. La oss samstundes merke oss den gode nyhenda: Vi er blitt betre på å handtere avfall, som gjer at utslepp, både av miljøgifter og klimagassar, faktisk har gått ned dei siste åra.

Denne nedgangen er eit av dei nasjonale miljømåla. Kunnskapen vi får av å følgje utviklinga på desse måla, blir brukt til tiltak for eit betre miljø for oss alle.

Dessutan kan vi med enkle grep vere med å støtte den positive utviklinga. Eit av tiltaka er å vere ein medviten forbrukar. Kva inneheld eigentleg det du kjøper? Miljømerking som Svanen og Blomsten er meint å gjere det enklare for deg å ta miljøvenlege val. I tillegg gir produktkontrollova deg rett til å få informasjon om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff i produkta du vil kjøpe. Denne retten bidreg til at vi som forbrukarar kan velje produkt som ikkje er skadelege for helse og miljø, også til jul.

Ha ei riktig fin og mest mogleg stressfri jul!

 

Kjelde: Miljøstatus.no

Informasjonen i denne artikkelen er henta frå Miljøstatus.no, som viser korleis det står til med miljøet, kva som verkar inn og kva vi kan gjere for å sikre eit godt miljø i Noreg. Fleire offentlege etatar med miljøansvar bidreg, mellom anna Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Statens strålevern.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek