Bokmelding – Vi var løgnere

Aktuelt   

Vi var løgnere av E. Lockhart.

Denne boka er ein ungdomsthriller som får deg hekta frå første side. Vi var løgnere handler om fire venner som tilbringar kvar sommar på ei privat øy. I starten av boka får du vite at det skjedde noko under sommar nummer 15. Ingen vil snakke om det, og hovudpersonen slit med å hugse kva som skjedde etter hendinga. Sommar nummer 17 kjem ho tilbake til øya. Kjem ho til å finne ut kva som skjedde?

Lockhart skriv på ein måte som får deg inn i historia frå første stund. Du prøver å finne ut kva som skjer like mykje som hovudpersonen. Når du endelig får vite det, kan ein ikkje gjere anna enn å bla tilbake å sjå korleis du klarte å oversjå dei tydelige teikna plassert gjennom boka. Denne boka passar ungdom som likar spenning og mystikk med eit lite hint av romanse.

-Aurora