Sommarles

Bli med på årets kulaste lesekampanje! Kampanjen startar 01.06.

Sommarles er for alle, og du konkurrerer først og fremst med deg sjølv. For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i nivå. I Sommarles kan du lese både vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre – all lesing tel og gjev poeng. Og sjølvsagt har vi premiar. Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og kule premiar som du hentar på biblioteket.

 

Sommarles er først og fremst nettbasert, det vil seie at du registrerer bøker, får lese tips, løyser oppgåver og kan følgje med på kva vennane dine les på nettsida sommarles.no. Her får du også tilgang til ei superspanande fantasyforteljing skrive av forfattaren Mari Moen Holsve. Sjekk ut sommarles.no for meir informasjon.