Sommarles

BLI MED PÅ DEN KULASTE LESEKAMPANJEN I SOMMAR!
Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse, delta på Sommarles 2018, saman med barn frå over 370 andre kommunar i landet!

Sommarles er utvikla for å gjere lesing endå litt gøyare for dykk. For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du konkurrerer nemleg først og fremst med deg sjølv. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre  – all lesing tel og gir deg XP. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles er ein nettbasert kampanje. Det vil seie at du lagar ein eigen profil, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver, følger med på kva vennene dine les og får prøvd det nye spelet, alt på nettsida sommarles.no. Her får du også tilgang til ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sjekk ut sommarles.no for meir info.

Har du ikkje nettilgang, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass. Då er det berre å stikke innom biblioteket for å få hjelp med det.

Til foreldre/føresette

Sommarles er ein lesekampanje laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal være gøy å vere med på Sommarles! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, held ved like leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre barn les på fritida utan nokon ekstra motivasjon, men vi veit også at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart neste år. Vi håper at de vil hjelpe oss med å motivere barnet dykkar til å vere med på Sommarles. Sommarles er ein flott lesekampanje uansett kvar de skal feriere i sommar. Ta turen innom sommarles.no for meir info  – eller besøk ditt lokale bibliotek!

GOD SOMMAR MED SOMMARLES 2018!