Klimadebatt – Korleis handtere det uunngåelege?

Arrangement

Klimadebatt i biblioteket. Møt forskarar og lokale krefter i samtale om klimeadringar. Vi kjem med informasjon om kven som skal sitje i panelet når det er klart.

Dato / tid
22.03.2018, 18:00 - 20:00


Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar, som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt, og kva for endringar vil skje her på Vestlandet? Kan kommunar og samfunn i Noreg bli del av den globale klimaløysinga?

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv, og ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Han kjem til biblioteket for å utfordre lokale politikarar og kommunens borgarar: Kva gjer vår kommune for klimaet?