Bruk biblioteket

Velkommen til Bømlo folkebibliotek. Bømlo folkebibliotek består av eit hovudbibliotek og 3 filialar. Hovudbiblioteket ligg i Sams senter og filialane er plasser på tre skular; Våge, Hillestveit og Moster.

Hovudbiblioteket finn du i lyse fine lokaler i øvste høgda i Sams senter på Svortland. Her kan låna bøker, lydbøker, film, musikk, internett og tidsskrift. Spør oss gjerne om tips til gode bøker og filmar. I aviskroken finn du dagferske aviser, ein populær samlingsstad for å lesa siste nytt. Ynskjer du å låna noko me ikkje har i biblioteket vårt, vil me prøva å skaffa det til deg hjå eit anna bibliotek.