Utlånsreglar for Bømlo folkebibliotek
1. Lånerett
Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved Bømlo folkebibliotek.
2. Lånekort
Alle som har fylt sju år kan få lånekort. Yngre lånarar må få låna på dei føresette sitt lånekort, med desse sitt samtykkje. Biblioteket kan krevja legitimasjon når lånekortet vert skrive ut. Lånaren skal ha lånekortet med når han/ho skal låna bøker. Tap av lånekort, endring av namn eller adresse må meldast til biblioteket. Dersom lånaren mistar lånekortet sitt, kan han/ho få nytt lånekort mot å betala kr. 10,-.
3. Lånetid
Normal lånetid er 4 veker. Det er høve til å fornya lånet. Språkkurs kan lånast i 6 veker. Lånetid for video er 1 veke, kan fornyast ein gong.
4. Reservering
Lånaren kan få reservert dokument som er utlånt. Reserveringar vert etter regelen sletta etter 6 månader.
5. Lån frå andre bibliotek
Biblioteket prøver å låne inn bøker frå andre bibliotek dersom boka ikkje finst hjå oss.
6. Varsel/purringar
Biblioteket sender ut 3 varsel på dokument som ikkje er levert attende til rett tid. Det 4. varselet er rekning for tapt materiale.
1. purring 3 veker etter forfall Gebyr kr. 10,-
2. purring 5 veker etter forfall Gebyr kr. 30,-
3. purring 7 veker etter forfall Gebyr kr. 50,-
4. purring 9 veker etter forfall Rekning
Rekninga vert sendt økonomiseksjonen i Bømlo kommune som tek ansvaret for innkrevjinga. Bøker det er venteliste på vert purra like etter forfall. Video vert purra 1 veke etter forfall.
7. Skada eller tapt materiale
Lånaren er ansvarleg for dokumenta som er lånt på biblioteket og pliktar å betala vederlag dersom dokumenta vert skada eller tapt på anna vis.
8. Tap av lånerett
Lånaren mistar retten til å låna dersom han/ho mottek rekning og denne ikkje er betalt.
9. Utlånsreglement
Ved å motta lånekort pliktar lånaren å rette seg etter dei reglane som gjeld for bruk av biblioteket.
Utlånsreglementet gjeld for alle einingar av Bømlo folkebibliotek.