Siste nytt
Skip Navigation LinksBømlo folkebibliotek

Stor flyaktivitet over Bømlo

Området som vert dekka av NGU sine flymålingar.

Norges geologiske undersøkelse (NGU) startar i denne veka arbeidet med omfattande geofysiske undersøkingar ved hjelp av fly i Sogn og Fjordane og Hordaland fylker.

I løpet av dei neste vekene og månadane vil Norges geologiske undersøkelse gjennomføra omfattande geofysiske undersøkingar i  vårt område. Undersøkingane vil bli utført ved at innleigde fly kryssar over området i aust-vest retning og i ei høgd på mellom 60 og 100 meter. Måleprofilane er med 250 meters mellomrom.

Omfattande flyaktivitet
- Dette betyr omfattande flyaktivitet som me av erfaring veit kan medføra spørsmål, og også uro, hjå lokalbefolkninga, opplyser nettredaktør Hilde Jensen Grandaunet i NGU.

Arbeidet vil starta i dei nordlegaste områda. Sogn og Fjordane vil dermed vere området som blir undersøkt først, og deretter Hordaland. Arbeidet vil truleg starte i denne veka.

Pressemelding frå NGU

Publisert av Simon Sortland. Sist endra 01.07.2010
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Kontaktinformasjon
_
_
Hovudbiblioteket Svortland
Sams senter 4. etg.
Postboks 84
5445  Bremnes
 
E-post: bibliotek@bomlo.kommune.no
 
 
Telefon : 53 42 32 40
Faks : 53 42 30 09
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no