Lesetips

Er du på jakt etter lesetips? Sjekk den nye lesetipshylla vår.

Om du kjem på biblioteket og ikkje har leselista klar, ta ein tur på den nye lesetipshylla vår.

Kvar tredje veke skiftar me ut alle bøkene på hylla med nye gode bøker. Her finn du bøker som dei tilsette eller kundane våre har likt godt og som me trur andre vil like og. Det kan vere bestseljarar som har gått i gløymeboka eller gode romanar som aldri fekk den merksemda dei fortente.

Ta ein kikk, her skal det vera litt for ein kvar smak.

 
Publisert av Hanne Jacobsen. Sist endra 23.06.2010
Tilbake
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no