Hermetikkfabrikkane i Foldrøy

Aktuelt   

Bømlo Folkebibliotek i samarbeid med Foldrøy Vel og Foldrøy kvinne- og familielag,
inviterer til historiekveld om Hermetikk industrien på Foldrøy.
Torsdag 14.09 kl. 18-20 på Foldrøy skule.
Arrangementet er i samband med kulturminnedagane.

Torsdag 14. september kl 1800 blir det lokalhistoriekveld i Foldrøy, eit samarbeid mellom Bømlo folkebibliotek og Foldrøy Vel. Denne gongen skal me møtast i Foldrøy skule.

Kristine Sele skal leia kvelden.

Tema denne kvelden er hermetikkfabrikkane i Foldrøy i fyrste halvdel av 1900-talet – ein viktig epoke i lokalsamfunnet som held på å gå i gløymeboka.

Med for å fortelja blir Solveig Stokka og Jan Willy Folgerø-Holm; bestefar deira eigde fabrikken Holm, som starta i 1920.

Me har også fått med historikar og Foldrøy-jente Sissel Høisæter.

Frå Stord kjem Magne Gravdal, så og sei er oppvaksen i familien sin hermetikkfabrikk, og har arbeidd på Folkemuseet på Stord. Han vil gje eit attersyn om denne viktige delen av næringslivet i området i tidlegare tider.

Alle er hjarteleg velkomne – det blir sal av kaffi og kaker før og etter.

Gratis inngang.