50 000 frå fritt ord – Kva er DIN kanon?

Aktuelt   

Bømlo folkebibliotek og Bømlo kulturhus har fått 50 000 frå foreningen Fritt ord.

 

Midlane skal brukast til arrangement i kulturhuset med fokus på kva Bømlingen oppfattar som sin litterære kanon.

Vi vil  invitere lokale folk som kan gjere samtalen rundt kva den litterære kanon er og bør vera, interessant for folk på Bømlo. Målet er å skape eit uformelt møte, der samtale om personlege opplevingar kring litteratur er i sentrum. Det skal vera eit møte der lokale kulturpersonar, politikarar eller andre deler sine erfaringar og historier  i samspel med publikum.
Under arrangementet vil vi opne for at personane som vert intervjua kan underhalda litt undervegs, døme; synge, spele eller andre innslag som passar inn i tema ein snakkar om.
Vi vil ha fokus på å få til ein dialog med publikum, få dei engasjert og delta i samtalen.